Favorittar til helga

av SC community • 23.11.2000
God dag godtfolk.

Ja då er vi i gang alt. Tykkje ikkje det er lenge sidan vi gikk avslutningsrennet i Santa Catharina, men det er no 8 månader sidan. Føles ikkje slik.
Sidan mai har eg trena godt og eg føler at eg har fått trent det eg har planlagt, sjølv om eg har slitt veldig med magen min. Har periodisert treninga litt annleis enn før, dette p.g.a. magen. Men eg har god tru på at sesongen kan bli bra.

Samlingane med skiforbundet har stort sett gått bra, vi har eit godt miljø i laget og ”pusjar” kvarandre på trening.

November er det tid for og prøve nye ski. Det er alltid litt spennande og prøve ”gamle” god ski mot nye. Er dei nye skia betre enn dei eg brukte i forrige sesong? Er dei det så veit eg iallfall at eg har fått meg meget gode ski. Er dei ikkje så må vi leite etter andre ski.

Sist weekend var det sesong premiere for oss på Beitostølen. Resultata var ikkje akkurat noko og hoppe i taket for. Utlendingane slo oss og beste nordmann var Espen Bjervig på ei 3. plass, meir gledeleg var Erling Jevne sin 4.plass. Han braut lårhalsen(trudde eigentleg at det berre var gamle damer som fikk til det) i juli, men kom kjapt tilbake og overbeviste i Beitosprinten. Men denne helga er det mykje viktigare og gå fort. Då startar verdenscupen også her på Beitostølen. Vi gutta skal gå 15 km klassisk, noko som passar meg godt. Tenkte eg skulle utpeika nokre favorittar som dokke bør følgje med. Per Elofsson, svenske, men dog han går alltid fort tidleg på sesongen. Thomas A er som regel litt meir skjerpa når det blir viktigare renn…. Lukas Bauer «tsjekker» som overraska i sesongopninga med seier, har nok ein god form for tida. Espen Bjervig , Frode Estil, Erling Jevne og meg sjølv har alle mulighetar og veldig lyst til og gå fort.
Så eg håpar og trur at det skal bli moro til helga.

Hadi

Odd-Bjørn

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Startliste Birkebeinerrittet – Elite menn

    by SC community
    26.08.2015
  • Spectators watch the cross-country skiing sprint during the Ski Tour 2020 on February 22, 2020 at Granåsen in Trondheim.
    1

    Nytt ski-VM til Trondheim i 2026

    by Ingeborg Scheve
    20.10.2023
  • 1

    Østby ute for resten av sesongen

    by SC community
    12.02.2002
  • 1

    Brian McKeever går Vasaloppet for Team Coop

    by SC community
    03.03.2015
  • 1

    Russlands supertalent: – Jeg har minst tre OL foran meg

    by Ingeborg Scheve
    09.11.2025

FlerE artikler

  • Sesongåpning i langrenn og skiskyting: Program og TV-tider 

    Til helga er det klart for sesongåpninger i både skiskyting og langrenn, med startfelt proppfulle av verdenscupstjerner. Her er alt av program, TV-tider og detaljer.
    av Ingeborg Scheve
    10.11.2025
  • FIS-topp hevdet at Diggins legger opp – nå hagler kritikken

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Russlands supertalent: – Jeg har minst tre OL foran meg

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Ukjent 23-åring ydmyket stjernene en uke før sesongstart 

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Rydder klesskapet etter farge – og kobler av på børsen

    av Ingeborg Scheve
    08.11.2025