Løfshus: – Berger må på pallen i verdscupen for å gå VM
Lars Berger har enno ikkje bestemt seg for kva for meisterskap han helst håpar å bli tatt ut til. Men skal han få sjansen på favorittdistansen 15 kilometer fri i Falun-VM må han på pallen i verdscupen eller ta gull i NM, seier landslagssjef Vidar Løfshus.
Lars Berger har enno ikkje bestemt seg for kva for meisterskap han helst håpar å bli tatt ut til. Men skal han få sjansen på favorittdistansen 15 kilometer fri i Falun-VM må han på pallen i verdscupen eller ta gull i NM, seier landslagssjef Vidar Løfshus.
Med beste langrennstid under skiskyttaropninga på Sjusjøen førre helg viste Lars Berger at han er i godt slag. Heilt til siste ståande skyting var han med i tetkampen, men som ofte før gjekk det skeis på den siste skytinga.
Dermed klarte han ikkje å sikre seg billett til dei første verdscuprenna i skiskyting. No er han i staden klar for å vise seg verdig til å gå langrennsverdscup seinare i sesongen.
15-kilometeren på Beitostølen på laurdag blir derfor svært viktig for det som skal skje seinare i vinter.
Ser an kor det går best
– Det blir sjølvsagt veldig viktig. Skøyterenn er det ikkje mange av i vinter, så alle renn tel jo mot det som skal skje i Falun.
For i Falun har Berger veldig lyst til å gå favorittdistansen 15 kilometer fri. Men han har ikkje flust av sjansar til å vise kvifor han bør få sjansen.
Ikkje før i Rybinsk i slutten av januar står VM-distansen på verdscupprogrammet. Under minitouren på Lillehammer frå 5-7. desember er det 10 kilometer fri i enkeltstart den andre dagen, men der er det vel heller tvilsamt om Lesjaværingen får gå uansett kor bra han gjer det på Beitostølen.
– Klassisk sprint er ikkje akkurat mi sterkaste side, så det spørs vel om Skiforbundet vil ha meg med der, seier Lars med eit smil.
Då blir det viktigare å gå fort etter nyttår. Både med og utan børse på ryggen.
– Det viktigaste blir å gå gode skirenn. Så får me sjå om det funkar best i skiskyting eller langrenn. Men eg er veldig gira på å gå den 15-kilometeren i Falun, innrømmer verdsmeistaren på same distanse i Sapporo-VM i 2007.
Men for å få sjansen til eit nytt gull som langrennsløpar må han prestere heilt i toppen i verdscupen eller under NM på Røros, fortel landslagssjef Vidar Løfshus.
– Først må han kvalifisere seg for ein relevant distanse i verdscupen og deretter bør han på pallen. Gull i NM vil også vege tungt. Sjølvsagt vil dette vere avhengig av prestasjonar til andre norske løparar internasjonalt, fortel Løfshus til Langrenn.com.
Løfshus bekreftar også at relevant distanse vil bety 15 kilometeren i Rybinsk den 13. januar.
Sidan det ikkje er reine skøyterenn i verdscupen framover blir det mest skiskyting på Berger, som også neste helg skal konkurrere på Beitostølen, då med børse under IBU-cupen i skiskyting.
Sterkere
Før sesongen gjekk 35-åringen over til allroundlaget til Team LeasePlan Go. Overgangen har gjort store endringar i treningsopplegget. Endringane meiner han har gjort han til ein betre skiløpar.
– På samlingar har me trena ein del annleis enn det eg har vore van med. Overkroppstyrke har det blitt mykje meir fokus på enn før. Det har eg ikkje vore så på god før, innrømmer Berger.
Derfor er det no ein større og sterkare utgåve av Lars Berger me får sjå denne vinteren. Styrken skal han utnytte spesielt i dobbeldans.
– Eg har trena spesielt mot dobbeldans i overkroppstreninga. Det kjennes iallfall ut som eg har heva meg.
Lært av Alsgaard
På vegen dit har lagkameratane, støtteapparatet og ikkje minst lageigar Thomas Alsgaard på Team LeasePlan Go vore gull verdt.
– Det ligg mykje kunnskap hos utøvarane og folka rundt laget. Eg har lært mykje av Thomas Alsgaard, blant anna på det tekniske og på førebuingar før renn.
– Kva slags råd har Alsgaard kome med der?
– Det handlar mest om å ikkje styre meir enn nødvendig, fortel Berger.
Litt styr blir det likevel før langrennsopninga på laurdag. For sjølv om Lars Berger 35 år og ein rutinert kar går han med ein del sommarfuglar i magen.
– Nervøs er eg, men det er berre bra. Eg har stått på startstreken ein gong utan å vere nervøs og det gjekk ikkje bra, seier Berger to dagar før hans andre sesongopning på to helger.







