Niklas Dyrhaug mot motbakkeeliten i Storsylen Opp
Mens mange av landslagskollegene konkurrerer med rulleski på beina i Blinkfestivalen, velger Niklas Dyrhaug joggesko og motbakkeløping på hjemmebane med lørdagens Storsylen Opp i Tydal.
Mens mange av landslagskollegene konkurrerer med rulleski på beina i Blinkfestivalen, velger Niklas Dyrhaug joggesko og motbakkeløping på hjemmebane med lørdagens Storsylen Opp i Tydal.
Femte løpet i årets cup – Storsylen Opp – i Tydal i Sør-Trøndelag, går lørdag 1. august, og arrangøren Tydal Idrettslag har lagt seg skikkeleg i selen for å laga eit TOPP arrangement.
ILDNE motbakkecup-leiar, Torstein Tengsareid, Egersunds IK som nyleg sprang inn til ein flott 21.-plass i Europameisterskapen, er så langt stor favoritt.
Han møter imidlertid tøff motstand frå arrangøren sin eigen Niklas Dyrhaug og andre skiløparar.
Mellom kvinnene er ILDNE Norgescupleiar, Eli Anne Dvergsdal, Gular IL som nyleg sprang inn til sølv i Europameisterskapen, stor favoritt til å stikka av med sigeren.
* Sjå oppdatert påmelding her.
* Resultat og oppdatert poengoversikt etter kvart arrangement.
Om ILDNE motbakkecup
ILDNE motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping.
Dei utvalgte løpa i ILDNE motbakkecup 2015, inkludert NM, dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM. I år var EM i motbakkeløping i Porto Moniz i Portugal den 4. juli.
Meisterskapet gav Norge to gull og eitt sølv, ved Johan Bugge, Stian Øvergaard Aarvik og Eli Anne Dvergsdal (sølv).
Desse løpa inngår i cupen:
1. Skuggenatten Opp* – 4,3 km/456 m/10,6% – Treungen, Telemark
2. Hovlandsnuten Opp – 5,9 km/910 m/15,4% – Sauda, Rogaland
3. Gullfjellet Opp – 8 km/987m/12,3% – Bergen, Hordaland
4. Hestanipen Opp – 3,5 km/509 m/14,5% – Vikedal, Rogaland
5. Storsylen Opp – 11 km/1000m/9,1% – Tydal, Sør-Trøndelag
6. Førde Opp – 3,9 km/704 m/17,9% – Førde, Sogn og Fjordane
* NM = Norsk meisterskap.
Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil fem av dei seks arrangementa telja i poengsamandraget.
Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000,-. Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.






