Røthe og Skjeldal løper motbakke-NM
Laurdag 16. juli er sommarens høgdepunkt innan motbakkeløp i Norge! Då arrangerast NM i motbakkeløp, og i år er dette lagt til Kvasshovden Opp i Ulvik i fantastiske Hardanger.
NM i motbakkeløp er også det 4. løpet av totalt fem i Salomon Norgescup 2011.
Toftdahl Staver og Weng
Heile norgeseliten deltek på damesida, deriblant Kirsten Marathon Melkevik, May Britt Buer (løyperekord), Tuva Toftdahl Staver, Therese Sjursen samt Heidi og Merete Weng.
I EM den 10.juli var Melkevik fleire minutt framfor Buer og er å rekne som favoritt. Melkevik har ikkje deltatt i nok løp i Norgescupen for å kunne hevde seg i totalsamandraget der.
I Norgescupen er dette stillinga framfor NM i Ulvik;
1. May Britt Buer (Gular IL) 275 poeng
2. Therese Sjursen (BGF Fana) 240 poeng
3. Merete Weng (IL i BUL) 205 poeng
Røthe og Skjeldal
På herresida er Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Øyvind Heiberg Sundby (løyperekord), Kristen Skjeldal og Sjur Røthe av dei beste i landet som er påmeldt så langt.
I tillegg er også Audun Weltzien påmeldt, han er ein av verdas beste orienteringsløparar.
Dette er stillinga i Salomon Norgescup blant mannfolka;
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Fana) 275 poeng
2. Torstein Tengsareid (IL Skjalg) 250 poeng
3. Joel Dyrhovden (Samnanger IL) 225 poeng
For poengoversikt i Norgescupen:
http://motbakkecup.no/poengstilling.aspx
Regntung NM-løype
Kvasshovden Opp har ei lengde på 7,5 km og ein høgdeforskjell på 1030 meter. Starten går i Ulvik sentrum og løypa går på variert underlag opp til den flotte utsikta på Kvasshovden.
Løypa er litt tung pga. regnet siste tida, så arrangør Johan Børsheim trur ikkje det blir rekordtider. Rundt 80 funksjonærar er i sving og arrangementet er eitt av få med direkte TV-sending frå toppen til storskjerm ved startområdet.






