Fjellblom IL på nett

av SC community • 06.01.2004
Fjellblom IL er ingen stor klubb, men driv forholdsvis aktivt med ski. Klubben har tilhald i sørre delen av Vang kommune i Valdres (http://www.vang.kommune.no). Me har omlag 150-160 medlemmer. Med dugnadsinnsats, kommunal støtte og spelemidlar har me fått oss ei 2 km lysløype med breidde til både klassisk og skøyting. Vidare har me bygd skileikanlegg…

Fjellblom IL er ingen stor klubb, men driv forholdsvis aktivt med ski. Klubben har tilhald i sørre delen av Vang kommune i Valdres (http://www.vang.kommune.no). Me har omlag 150-160 medlemmer. Med dugnadsinnsats, kommunal støtte og spelemidlar har me fått oss ei 2 km lysløype med breidde til både klassisk og skøyting. Vidare har me bygd skileikanlegg…

Fjellblom IL er
ingen stor klubb, men driv forholdsvis aktivt med ski. Klubben har tilhald i sørre
delen av Vang kommune i Valdres (http://www.vang.kommune.no).
Me har omlag 150-160 medlemmer. Med dugnadsinnsats, kommunal støtte og
spelemidlar har me fått oss ei 2 km lysløype med breidde til både klassisk
og skøyting. Vidare har me bygd skileikanlegg og klubbhus. Alt dette i
tilknytning til småskulen og barnehagen i området, Åsvang. Før jul kjøpte
me oss med kommunal hjelp ei brukt Prinoth T2 løypemaskin. Me har innleidd
eit samarbeid med Filefjell reiseliv (http://www.visitfilefjell.no)
om løypekjøring i vårt område, i alt ca. 40 km.
 
Me arrangerer
kretsrenn før jul kvart år og har lysløyperenn med rundetelling (ikkje
tidtaking) kvar onsdagskveld. Mellom 50-100 møter fram kvar gong.
Klubbrenn og samarbeid med 4H om skisportens dag står også fast på
programmet. Skitrening for dei yngste har me ein kveld i veka. Herretrim,
volleyballtrening og svømming står også på vekeplanen. Sommarstid har me i
to år no arrangert eit terrengløp – Kongevegtrimmen – mellom Åsvang og Høre
skule.
 
I to år no har
me som einaste lag frå Valdres delteke i stafett-NM med godt resultat. I år
er dessverre unggutane våre spreidde for «alle vindar», og me må i
staden satse på den oppveksande generasjon om nokre år! Me har også to
framifrå løparar i den litt meir eldre garde som oppnår gode resultat i
veteran samanheng, ikkje minst i VM.
 
Heimesida vår er
basert på ei gratisløysing gjennom Klubben Online, og er å finne på denne
adressa: http://www.n3sport.no/organisation.asp?orgelementid=63437
 
 
Mvh
Nils Rogn

Klubb Kontaktperson Hjemmeside
Fjellblom
IL
Nils Rogn Klikk
her!!

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Hvem vinner tremila i OL?

    by Ingeborg Scheve
    19.02.2022
  • 1

    NYTT OM FOLK: Geilo IL har ansatt ny sjef

    by SC community
    11.06.2020
  • SC Play Olos
    1

    Verdenseliten åpner OL-sesongen i Muonio: Se alt direkte på SC Play

    by Langrenn.com
    03.02.2026
  • 1

    Even Northug blir samboer i Trondheim

    by Kjell-Erik Kristiansen
    18.07.2024
  • 1

    Aukland i forsvarsposisjon

    by SC community
    29.06.2011

FlerE artikler

  • Sesongåpning i langrenn og skiskyting: Program og TV-tider 

    Til helga er det klart for sesongåpninger i både skiskyting og langrenn, med startfelt proppfulle av verdenscupstjerner. Her er alt av program, TV-tider og detaljer.
    av Ingeborg Scheve
    10.11.2025
  • FIS-topp hevdet at Diggins legger opp – nå hagler kritikken

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Russlands supertalent: – Jeg har minst tre OL foran meg

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Ukjent 23-åring ydmyket stjernene en uke før sesongstart 

    av Ingeborg Scheve
    09.11.2025
  • Rydder klesskapet etter farge – og kobler av på børsen

    av Ingeborg Scheve
    08.11.2025